Skrifter

Skrifter er Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab sin skriftserie. Det første nummeret i Skrifter kom ut i 1761, alt året etter stiftinga av Det Trondhiemske Selskab som selskapet heitte fram til det vart approbert 1767, og er dermed ein av verdas eldste laupande vitskaplege publikasjonsseriar.

Utanom stiftarane av selskapet Gunnerus, Schøning og Suhm, har mange andre skrive artiklar til Skrifter. Mellom desse finn vi prest, naturforskar og topograf Hans Strøm, og komponist, overbranndirektør og meteorolog Johan Daniel Berlin. Andre personar som medverka i skriftserien seinare, var til dømes matematikar Niels Henrik Abel, filosof Arthur Schopenhauer, diktarane Henrik Wergeland, Johan Sebastian Welhaven og Henrik Ibsen, zoolog Michael Sars samt språkforskar, botanikar og diktar Ivar Aasen.

Skrifter har heile tida hatt eit godt fotfeste i grunnforskinga, og skal attspegla samtlege disiplinar som er representerte innan Vitenskapsselskapet sine humanistiske og naturvitskaplege klassar. Artiklane publisert i skriftserien representerer såleis eit breidt emneval, som spenner frå naturvitskap i vidaste forstand, til matematiske fag, teknologi, samfunnsvitskap, teologi, filosofi, historie, litteratur, språkvitskap og kunst.

Digitaliserte Skrifter 1761-1920 og 2010-2011

I samband med 250-årsjubileet til Skrifter i 2011 har Spesialsamlingene på Gunnerusbiblioteket ved NTNU Universitetsbiblioteket digitalisert alle Skrifter frå starten i 1761 til og med 1920, og publisert dei via NTNU Open Access Journals. Dette krafttaket gjer det mogleg for alle interesserte til å sjå på og lasta ned ei mengd godbitar frå eit av verdas eldste eksisterande vitskaplege tidsskrift, som òg gjev eit unikt innsyn i Noregs vitskapshistorie.

Utvalde nr. av Skrifter frå nyare tid er også tilgjengelege via nettsida til Spesialsamlingene NTNU Universitetsbiblioteket.

Med ca. 25 års intervall har DKNVS utgjeve register over publiserte artiklar i DKNVS Skrifter og DKNVS Forhandlinger (i dag DKNVS Årbok). Det siste registeret omfattar perioden 1977-2001 og vart publisert i DKNVS Meddelelser nr. 1 (2005).

Lenker til digitaliserte eldre publikasjoner

Skrifter dei siste åra

2015

  1. Ivar Aasen ute og heime – om moderne språkdokumentasjon etter Ivar Aasen (Hagland, J. R. & Wetås, Å. Ed.).
  2. Beslag til høvrer (alias selbågar eller mankestole) fra vikingtiden – Form, funksjon og symbolspråk (A. Dybdahl).
  3. Fjellets kulturlandskap. Arealbruk og landskap gjennom flere tusen år (Austrheim, G, Hjelle, K, Sjögren, P, Stene, K. & Tretvik A. M (red.)).
  4. Painful Heritage – Studies in the Cultural Landscape of the Second World War (Jasinski, M. E. & Sem, L. (Ed.)

2014

  1. Trondheim 1814 (Ida Bull, Knut Ove Eliassen, Merete Røskaft, Steinar Supphellen (red.)
  2. Byen og Kunnskapen (red. Røskaft, M.)
  3. Festskrift for professor Johan Skule Høyre (red. Olaussen, K.)

2013

  1. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs medaljer, SIC NOS : NON NOBIS (Reichelt, Yngvar)
  2. Fattening strategies and social status in Willow Tits Poecile montanus during the non-breeding season: support for the optimal bod mass hypothesis (Hogstad, Olav)
  3. Shaping European university heritage Past and possible futures (Maison, L., Talas, S. & Wittje, R.)

2012

  1. I bjørnens spor. Kunnskapsstatus, biologi og historie (Sørensen, O.J.)

2011

  1. Leksikalsk forsking i norske målføre og nynorsk skriftspråk. Lexicography and lexicological research concerning Nynorsk and Norwegian dialects (Tor Erik Jenstad og Lars S. Vikør (red.))
  2. Aspects of Johan Ernst Gunnerus’ life and work (Rolv Nøtvik Jakobsen (red):
  3. Vegetation history of Ropphaugen in Budalen, Midtre Gauldal, Central Norway with additional information from non pollen palynomorphs (NPP) (Thyra Solem)
  4. Helge Holden og Kristian Overskaug (redaktører): Høydepunkter i Skrifter og Forhandlinger. Et utvalg artikler fra perioden 1761-2011.

2010

  1. The Mint in the Nidaros Archbishop´s Palace. Coin production under Archbishop Gaute Ivarsson (1475-1510) (Otto Lohne, Jon Anders Risvaag, Pål Ulseth, Jardar Lohne)

2009

  1. Veg Utenfor Allfarvei (Borgen, P.)

2008

  1. Clark, S., Gesztesy, F., & Zinchenko, M.:  Borg-Marchenko-type Uniqness results for CMV Operators.
  2. Lindqvist, P.: On the Time Derivative in a Quasilinear Equation
  3. Dalen, A., Hagland, J. R., Hårstad, S., Rydving, H., Stemshaug, O.: Trøndersk språkhistorie.
    Språkforhold i ein region.
  4. Langvik-Johannessen, K.: Det syd-nederlandske drama. Den skjulte tradisjon i Europas
    teaterhistorie.

2007

  1. Birgitta Berglund: Alstahaug på Helgeland 1000-1750. Dass-dynastiet og presteskapet iscenesetter seg selv.
  2. Olav Hogstad: Population dynamics and breeding biology in three Turdus species during 40 years in a subalpine birch forest.

 

2006

  1. Jan Ragnar Hagland (red.): Regional språkhistorie. Foredrag holdt ved DKNVS’ seminar 14.-15.
    oktober 2005.
  2. Olav Hogstad: Biogeographical patterns and reproductive traits in the woodpeckers.
  3. Fritz Gesztesy & Helge Holden: Local conservation laws and the Hameltonian formalism for the
    Toda hierarchy revisited
  4. Øystein J. Rødseth:  a) Sumsets Mod ρ (side 1-10).  b) On Freiman’s 2.4-Theorem (side 11-18).

 

2005

  1. Einar Kringlen: Psykiatriens stilling og framtid.
  2. Ian D. Hodkonson: Adaptations of invertebrates to terrestrial Arctic envoronments.
  3. Kristian Seip & Johannes Skaar: An extremal Problem related to negative Refraction.

 

2004

  1. Torbjørn Alm & Charles Nelson: Exotic drift-seeds in Norway
  2. Steinar Supphellen (red.): Nytt søkelys på Olav Engelbrektsson. Foredrag holdt ved DKNVS’
    seminar 11.-12. oktober 2003.
  3. Kristian Overskaug: Population composition and species turnover in the bird fauna in the Trondheim area, central Norway, 1860-2000.
  4. Geirr Wiggen: Språkkulturen i Christianias beaumonde.
  5. Ragnhild Johanne Rensaa: Two results on Slit Mapping Functions.