Skrifter – ein av verdas eldste publikasjonsseriar

Det første nummeret i Skrifter kom ut i 1761, alt året etter stiftinga av Det Trondhiemske Selskab som selskapet heitte fram til det vart approbert 1767. Skrifter er dermed ein av verdas eldste laupande vitskaplege publikasjonsseriar.

Utanom stiftarane av selskapet Gunnerus, Schøning og Suhm, har mange andre skrive artiklar til Skrifter. Mellom desse finn vi prest, naturforskar og topograf Hans Strøm, og komponist, overbranndirektør og meteorolog Johan Daniel Berlin.

Sjå dei to siste utgåvene av Skrifter: 

  1. The Norwegian philosopher Peter Wessel Zapffe (1899-1990) and the Book of Job (Katharine J. Dell og Arnoldus Schytte Blix)
  2. Grunnleggelsen av Nidarholm Mariakloster (Eystein M. Andersen)