Nihilisme?

Religion og det vondes problem; Kunnskapsrelaterte utfordringer i moderne kriseramma samfunn  

Med Gunnar Skirbekk, Roe Fremstedal og Siri Granum Carson

I 1958, som 21-årig medisinstudent, skreiv Gunnar Skirbekk boka Nihilisme? Eit ungt menneskes forsøk på å orientere seg. Reaksjonane var overveldande. Etter initiativ frå Arneberg forlag er boka no gitt ut på nytt.

Mangt har endra seg sidan 1958. Men grunnproblema knytt til religion og vitskap i moderne, kriseramma samfunn står ved lag – og vel så det:

I vår tid, med innvandring og geopolitiske konfliktar, korleis bør vi forhalde oss til religiøst mangfald? Her skal vi avgrense oss til dei skriftbaserte monoteistiske religionane, med fokus på det vondes problem.

I moderne samfunn, med alvorlege kriser på mange plan, kva for kunnskapsrelaterte grep bør på plass?Her skal vi sjå på visse aspekt ved vitskapleg mangfald, med fokus på ei mogleg rolle for diskusjonsorienterte og fleirfaglege universitet.

Skirbekk er professor emeritus i vitskapsteori ved Universitetet i Bergen. Saman med filosofiprofessor Roe Fremstedal og etikkprofessor Siri Granum Carson fra NTNU vil Skirbekk diskutere fleire problemstillingar.

Mandag 13. januar 2025 kl 1900 i Litteraturhuset i Trondheim, Kongens gate 2. 

Foto f.v.: Gunnar Skirbekk (foto: UiB), Siri Granum Carson (foto: NTNU), Roe Fremstedal (foto: NTNU).