When:
19. October 2022 @ 19:00 – 20:15
2022-10-19T19:00:00+02:00
2022-10-19T20:15:00+02:00
Where:
Rådhussalen, Trondheim folkebibliotek
Peter Egges plass 1
7011 Trondheim
Cost:
Free
Contact:
Merete Røskaft
99165427
UTSATT TIL 2023: Tom Lorenz: Handskriftfragment frå Island i Gunnerusbiblioteket @ Rådhussalen, Trondheim folkebibliotek

Arrangementet er utsatt til 2023. Ny dato kommer. 

Tom Lorenz: Handskriftfragment frå Island i Gunnerusbiblioteket 

Mange av handskriftene frå mellomalderen er forsvunne, av andre er det berre bevart delar, gjerne kalla fragment. Det var vanleg å dele opp gamle skinnbøker og gjenbruke pergamentet som materiale for å binde inn nye bøker i Europa i tidleg nytid. Gunnerusbiblioteket i Trondheim har ei samling av ca. 100 handskriftfragment som blei tatt ut frå bokbind i biblioteket på slutten av 1900-tallet.

Dei fleste fragmenta i Gunnerusbiblioteket er opphavleg frå handskrift skrivne på latin, men nokre fragment er også på andre språk. Det er handskrift både frå Noreg og frå andre europeiske land. Våren 2022 blei det oppdaga at nokre fragment til og med er frå Island. Kva veit me om desse fragmenta? Kva slags handskrift høyrde dei opphavleg til? Og når og korleis kom dei til Trondheim?

Tom Lorenz er stipendiat ved Institutt for språk og litteratur, NTNU.

Arrangementet er i samarbeid med NTNU Universitetsbiblioteket.

Arrangementet er gratis, men krever at man henter ut gratisbilletter fra Hoopla: https://kb.hoopla.no/sales/lorenz