nov 212011

Refleksjoner:

Ein ny arena for våre akademimedlemer

 

Det vart nyleg påpeika i ei offentleg gransking at 83% av universitetsforskarane ikkje står fram i dei opne fora for informasjon og debatt i vårt land. Grunnane er ulike. At det er tidkrevjande å delta på den store arenaen, er nok den viktigaste årsaka. Kronikkplass i dei største avisene er av dei fleste rekna som beste stad å lufte sine meininga. Mange vegrar seg og fordi sjansen for å bli avvist ikkje er reint liten, mellom anna på grunn av stor pågang av artiklar til kronikkredaksjonane, særleg i huvudstadsavisene.

DKNVS tilbyr nå sine akademimedlemer ein ny arena for meiningsutveksling gjennom ei fast spalte på våre heimesider: www.dknvs.no/refleksjoner. Spalta vil sjølvsagt bli redigert på vanleg måte av generalsekretæren. Innlegg kan sendast til Kristian.Overskaug@dknvs.no eller helge.oedegaard@dknvs.no Redaktøren vil av og til invitere gjesteinnlegg frå folk som ikkje høyrer til våre rekker.  Maksimal lengde blir sett til 6000 anslag, inklusive mellomrom. Vanlegvis vil innlegg vere mykje kortare enn dette.

Nå er det opp til medleme å ta ordet!

Hugs å sende med bilete.

 

Helsing Preses

Innlegg:

06012012 Selskapet får nye lokaler – Helge Holden

 

 

Untitled Document
Æmula Lauri Den lange linjen Kunnskapsbyen 
© 2011 Det Kongelige Norske Videnskabers SelskabLogg inn

custom research papers