Skrifter 250 år i 2011

Skrifter er Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab sin skriftserie. Det første nummeret i Skrifter kom ut i 1761, alt året etter stiftinga av Det Trondhiemske Selskab som selskapet heitte fram til det vart approbert 1767, og er dermed ein av verdas eldste laupande vitskaplege publikasjonsseriar.

Utanom stiftarane av selskapet Gunnerus, Schøning og Suhm, har mange andre skrive artiklar til Skrifter. Mellom desse finn vi prest, naturforskar og topograf Hans Strøm, og komponist, overbranndirektør og meteorolog Johan Daniel Berlin. Andre personar som medverka i skriftserien seinare, var til dømes matematikar Niels Henrik Abel, filosof Arthur Schopenhauer, diktarane Henrik Wergeland, Johan Sebastian Welhaven og Henrik Ibsen, zoolog Michael Sars samt språkforskar, botanikar og diktar Ivar Aasen.

Skrifter har heile tida hatt eit godt fotfeste i grunnforskinga, og skal attspegla samtlege disiplinar som er representerte innan Vitenskapsselskapet sine humanistiske og naturvitskaplege klassar. Artiklane publisert i skriftserien representerer såleis eit breidt emneval, som spenner frå naturvitskap i vidaste forstand, til matematiske fag, teknologi, samfunnsvitskap, teologi, filosofi, historie, litteratur, språkvitskap og kunst.

Digitaliserte Skrifter 1761-1920 og 2010-2011
I samband med 250-årsjubileet til Skrifter i 2011 har Spesialsamlingene på Gunnerusbiblioteket ved NTNU Universitetsbiblioteket digitalisert alle Skrifter frå starten i 1761 til og med 1920, og publisert dei via NTNU Open Access Journals. Dette krafttaket gjer det mogleg for alle interesserte til å sjå på og lasta ned ei mengd godbitar frå eit av verdas eldste eksisterande vitskaplege tidsskrift, som òg gjev eit unikt innsyn i Noregs vitskapshistorie.

Utvalde nr. av Skrifter frå nyare tid er også tilgjengelege via nettsida til Spesialsamlingene NTNU Universitetsbiblioteket.

Les mer