Preses Nyttårshelsing

Selskabet ser framover

Året som gjekk vart i DKNVS-samanheng særleg prega av arbeidet med Gunnerusprisen for bærekraft.  Saka har fått brei plass på Selskabets heimesider,  på kronikkplass og som nyheitssak i Adresseavisen, og ikkje minst som Technoport Talk som har vore lagt ut på Technoports heimesider, og på YouTube.

Gunnerusprisen er Trondheims første internasjonale forskingspris. Å få denne saka på rett spor kravde spesiell innsats, særleg på grunn av den korte tida vi har hatt til rådvelde fram mot første prisutdelinga. Ved årsskiftet kan vi konstatere at alt er i rute. Det er med stor forventning vi ser fram til komitéinnstilling i januar, styreavgjerd og  kunngjering av vinnar(ar) rundt månadsskriftet januar/februar, og ein historisk utdelingsseremoni i Olavshallen den 17.04.2012. Selskabet er vidare inne i ein lovande prosess for å oppnå støtte frå næringslivet eller private til finansiering av prisen ved denne første utdelinga.

Når prisutdelinga er gjennomførd, står vi framfor oppgåva å ta eit nytt initiativ andsynes Regjeringa med tanke på å skaffe ei varig finansiering av Gunnerusprisen. Dialogen med forskingsstatsråden er i gang.

DKNVS har i året som gjekk fremja forslag til departementet om å arrangere ein nasjonal konferanse i 2012 om forskingsporteføljen knytt til Norges bistandsarbeid i utviklingsland. Vi meiner dette er ei sak som er moden for ein grundig gjennomgang, og ser med særleg interesse på ein analyse av korleis kunnskapsutvikling i bistandsland kan styrkast. Også her ser vi fram til vidare konstruktiv dialog med departementet.

Selskabet har i året som gjekk teke eit anna viktig historisk steg ved å gå inn i eit bindande samarbeid med Technoport om utdelingssermonien for Gunnerusprisen som del av Technport Awards, og er representert i styret for Technoport. Dette samarbeidet er knytt til realisering av felles visjonar for globalt engasjement innan bærekraftig utvikling. Selskabet er også blitt medlem i Næringsforeningen, og ser fram til nærare kontakt.

Leiinga har eit sterkt ynskje om å trekkje våre akademimedlemer inn i ein tettare dialog og eit engasjement om kva DKNVS skal vere og utrette i åra som kjem. Vi arbeider med å intensivere denne kontakten, mellom anna ved bruk av den nye spalta Refleksjoner på våre heimesider. Som eksempel på bruk av denne kommunikasjonsplattformen finn vi  nyleg innlegg av visepreses omkring siste forskingsmelding. Vidare kjem ei orientering om arbeidet med planar for Fylkesmannsboligen og tilstøytande bygningar som framtidig arena for Selskapets virksomhet i tett samarbeid med NTNU. Dette er berre starten. Så, grip pennen fatt!

Til våre akademimedlemer vil eg avslutte denne nyttårshelsinga med å seie: Undervurder ikkje vårt Selskab som ein arena for nasjonale og internasjonalt viktige tiltak i framtida! DKNVS er på veg mot ei meir ambisiøs framtid.

 

Med helsing

Kristian Fossheim

Preses