Når:
18. september 2019@19:00-20:00
2019-09-18T19:00:00+02:00
2019-09-18T20:00:00+02:00
Hvor:
Suhmhuset
Elvegata 6
7012 Trondheim
Pris:
Gratis
Kontakt:
Merete Røskaft
99165427

 

Øystein Ekroll: Katedralbyggarane – gjenreising av Nidarosdomen i 150 år

I juli 2019 er det 150 år sidan arbeidet med restaurering av kapittelhuset i Nidarosdomen starta. Etter kvart vaks ambisjonane og enda med ei full gjenreising også av skipet og vestfronten. Over 600 handverkarar, arkitektar og andre fagfolk har lagt ned heile arbeidslivet og tilsaman tusenvis av årsverk i dette arbeidet. Dei aller fleste var og er rekruttert lokalt, og det er bygd opp eit fagmiljø ved Nidarosdomen som er unikt i Nord-Europa. Foredraget fortel om denne gruppa med menn og kvinner som har gjenreist katedralen, og korleis dette praktisk kunne gjerast. Ekroll har redigert og delvis forfatta jubileumsboka «Katedralbyggerne – Nidarosdomens gjenreisning 1869 – 2019.

Arr. er gratis og åpent for alle.